Påmelding for 2022 er open

KONKURRANSEKLASSE

  • Påmelding er open inntil det er fullbooka. I samsvar med vårt arrangørløyve frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre er det tillate med maksimalt 800 deltakarar.

  • Påmelding går føre seg i to steg. Først registrerer du e-postadresse og antal plassar (inntil 4) du ønskjer. Deretter foretas det tildeling av plassar etter "førstemann til mølla" prinsippet. Dersom du får tildelt plass, vil du motta ein epost med lenkje som du bruker for å fullføre påmelding. Dersom du ikkje får tildelt plass i første tildeling, vil du motta ein eigen epost om dette, og du vil behalde plassen din på venteliste.

  • Du må fullføre påmeldinga av tildelt plass innan 24 timar. Fullfører du ikkje påmelding innan fristen, vil du miste plassen, som då vil bli tildelt til deltakarar på venteliste.

  • NB; Det er foreløpig fullbooka i konkurranseklasse. Dersom nokon melder seg av, blir det automatisk ledige bookbare startplassar. Siste frist for påmelding er onsdag 10. august.

MOSJONSKLASSE

  • Online påmelding er open til fredag 12. august kl 21

  • For å unngå kø ved start anbefaler vi online påmelding

  • Du kan også melde deg på manuelt ved start. Her må du reikne med kø, og det er kun betaling med Vipps 101073.

Startkontingent

Konkurranse: kr 660,-       
Mosjon vaksen: kr 230,- Etter 1. august: kr 260,-
Mosjon barn 10 til 15 år: kr 130,-      

Medlemer i Kondis (norsk organisasjon for kondisjonsidrett) får kr 40,- i rabatt ved påmelding i konkurranseklasse.

Betaling

Tilsende faktura kan du betale på same måte som du betaler andre fakturaer, hugs å oppgi KID, eller du kan betale direkte med kort ved påmelding. Påmelding er gyldig kun når startkontingent er betalt. Spørsmål til timing@quick.no eller telefon 61 15 90 20  

Bindande påmelding

Påmeldinga er bindande. Ingen refusjon ved sjukdom, skade etc. 

Kjøp og salg av startnummer

Instruksjon for selgar og kjøpar finn du her . Du kan selge eller kjøpe startnummer fram til  10. august. Omregistreringsgebyr kr 100,-. Spørsmål til timing@quick.no eller telefon 61 15 90 20

Avlysning

Ved avlysning av arrangementet før arrangementsdagen kan arrangøren behalde 50 % av startkontingent til dekning av utgifter. Dersom arrangementet må flyttast til ein annan stad på same dato, eller avlysast for deretter å bli gjennomført på ein seinare dato, eller for å bli flytta til ein annan stad på ein ny dato, har dei som var påmeldt til den opprinnelege dato, men som ikkje stiller til start på ny dato ikkje krav på tilbakebetaling av nokon del av startkontingent. Ved avlysning i løpet av arrangementsdag på grunn av plutseleg oppståtte vêr-/klimatiske forhold eller annan force majeure, beheld arrangør startkontingenten. 

Personopplysningar

Ved påmelding samtykker du i at ditt namn vil bli offentleggjort i start- og resultatlister. Desse listene inneheld også opplysningar om aldersklasser og klubbmedlemskap.  

Bruk av bilde

Påmelding inneber samtykke til at bilde av deg kan bli lagt ut på våre heimesider etter arrangementet.

Generelle reglar for arrangementet

Deltakarane pliktar å rette seg etter arrangøren sine instruksar og reglar.

Sjå startliste    

SPONSORAR